Tida går utrulig fort, men mykje har skjedd sidan den store dagen=) Vi er no tilbake i Bodø og har fått innlosjert oss i ny leilighet som vi leiger det neste året. Ole Ragnar begynner på an'igjen med studier neste veke og har fått spørsmål om å bidra i eit forskningsprosjekt som ein del av masterutdanninga. Det blir spennende! Elisabeth har endå ei veke fri før forelesningane på siste året med idrett startar. Nettstudiet i historie derimot, er alt i full sving. Ja det er vel på tide å begynne å lese pensumlitteratur igjen. Tilværelsen som amnn og kone er svært fin! Vi kosar oss med diverse småarbeid både inne og i hagen. I går kom stovebordet på plass og i dag har vi kjøpt oss vaskemaksin=) I ettermiddag har vi vore på Mjellestranda, ei perle, og kosa oss med buldring og kaffi. I morgon , om veret framleis er bra, skal vi ut å plukke bær. Det er godt å være to!
Til slutt vil vi takke for oss og for at de ha følgd med på bryllupsbloggen vår =)
Kom gjerne på besøk til herr og fru Norheim Jenssen i Framlia 12, 8021 Bodø. Vi har god plass og gjesterom for dei som er interessert i oss, Nordnoreg, ein god vinter med gode skimuligheter eller kva det skulle vere!! (Her er både husrom og hjerterom!)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar